Ny kjepp!
Av: Åsmund
Det var en søndag eftermiddag at eg tenkte eg måtte testa mitt nye fisketorturinstrument, anskaffa under Johns kyndige rettleiing. Så eg pakka ein sekk, og tok båten til Langøyene. Der gjekk eg i ca. tre minutt langs ein tvilsom sti før eg kom til ein plass det gjekk an å stå nede ved vatnet, og det var plass til å svinga stang. Rett nok berre såvidt: Plassen eg hadde funne var ei tre-fire meter brei stripe av nokonlunde flat stein mellom sjøen og ein tre meter høg vegg. Men pøttsann. Eg jekka ei øl, fyrste kast gjekk riktig flott, og allereie på kast nr. to fekk eg moder jord på kroken. Plassen eg hadde funne viste seg ganske riktig å ha djupt vatn nesten heilt inn til land, og nesten heilt oppe ved land var det tydelegvis glimrande terreng å setja sluken i.
Så, etter å ha strevd litt, fyrst med å få laus sluken og så med å kappa snøret, satte eg på ny svivel stingsild og gauv på igjen. Etter ikkje så alt for mange kast kom det opp ein rar, litt flatklemt og ganske liten slags fisk med mange piggar på seg. (I etterkant har biletesøk på Google slått fast at det nok var ein knurr.)
Etter ein del fleire kast kunne eg slå fast at eg ikkje heilt får til dette med mothogg, og at videnskabens vidunder, multifilamentsnøre, lett flyr avgarde med vinden. Det var ekstra merkbart då dagens fyrste brælekast, der sluken landa i fjøresteinen ti meter til høgre, vart brælt til litt ekstra av at snøret la seg over steinknausen eg stod under og oppi ein busk.
Nokre kast til kunne avsløra: Anemonane som bur litt djupt i sjøen er brune og stygge, faen så ekle, og drit-tunge å riva laus. Eller i filler. Same for meg så lenge eg slepp å kappa seksti meter av snøret. Å gløyma kameraet var dessutan riktig tåpeleg, for då eg fekk neste anemone på kroken fekk eg med det anemonen satt på, som var ei vinflaske.
Så, for å variera litt prøvde eg meg på agnfiske. I mangel av agn kappa eg eit par bitar av piggefisken. Fekk ikkje noko på dei fyrste kasta, men så fekk eg moder jord på kroken igjen. Denne gongen hadde nokon bræla til knutane sine, for knuten som kroken satt i gav opp nesten med ein gong.
Så gjekk atomsilda i sjøen og blei der. Den andre gjekk så til dyst, og etter ei stund kom ein søt liten torsk opp. Eller kanskje ikkje så veldig søt. Fisk er stort sett schtøgge.
Dagens brælekast nr. 2 foregjekk slik: når du står på ei steinhylle der det berre såvidt er plass til å svinga stanga ordentleg bak er det fort gjort å ikkje merka at ein legg sluken oppi ein busk. Når ein så svinger fram av all kraft, kan det fort bli au i fingeren som snøret er tvinna rundt.
Meir fisk vart det ikkje den dagen, så eg drog heimatt med to små fisk i sekken. Sjøen hadde fått to slukar i bytte, så han var sikkert fornøgd.
Åsmund


